Hjort, lama og nye vener

Elevar på 4. trinn ved Nordfjordeid og Stadlandet skule hadde ein kjekk dag på Nave hjortefarm på Bryggja.

Bli kjend-fondet: 4.-klassingane ved Nordfjordeid skule og Stadlandet skule har fått midlar frå Bli kjend-fondet, og kunne reise på tur til Nave saman.   Foto: Privat

Mange hjort: På Nave hjortefarm møter du mange hjort.  Foto: Privat

Lokalt: Grilla ørretfilet blei grilla.  Foto: Privat

Møte: Det vart eit kjekt møte mellom elevar og hjort på Nave.  Foto: Privat

ATV: Tur rundt på garden med ATV vart det også.  Foto: Privat

Kjekk tur: Det vart ein kjekk tur til Nave hjortefarm, konstaterer elevane frå Nordfjordeid og Stadlandet skule.  Foto: Privat

Nyhende

4. trinn ved Nordfjordeid skule hadde på førehand søkt om midlar frå Bli-kjend-fondet i nye Stad kommune, og desse midlane nytta dei til å invitere med seg elevar frå 4. klasse ved Stadlandet skule til ein bli-kjend-dag på Nave hjortefarm.

Kai Nave og Anette Agledal, som driv Nave hjortefarm, stilte med herleg burger av hjort og lama, samt grilla ørretfilet med nydeleg tilbehøyr. Elevane, lærarar og føresette storkosa seg med mykje god mat. Kai og Anette hadde på førehand fyrt i grillhytta og laga det triveleg for elevane utandørs.

Nave hjortefarm hadde organisert tur rundt garden med ATV, noko som var svært populært blant elevane. I tillegg fekk elevane prøve og ri på ponni, fiske, padle kajakk, trøbåt og ikkje minst mate hjorten. Det var spanande å sjå hjorten på nært hald, og ekstra kjekt var det at elevane fekk klappe dei.

Dagen gjekk veldig raskt, men elevane rakk å bli litt kjende med kvarandre. Dei hadde hatt ein super dag på Nave!