Gulrot er sunt og tidsriktig

Tatiana Haugland lanserer i desse dagar ein gulrotsalat som ho vonar vil slå an hos kundane.

KUTTAR I STRIMLAR: Tatiana Haugland demonstrerer korleis kuttemaskinen kuttar gulrøtene opp i strimlar.   Foto: Per Ole Lefdalsnes (POL)

Nyhende

– Produktet er ein marinert gulrotsalat, som er eit reint naturprodukt utan tilsetningsstoff, poengterer Tatiana, og er midt i blinken no når det er eit så stort fokus på sunt kosthald. – Når ein et gulrøter, får ein i seg viktige stoff som jern, kalium, folinsyre, karoten og magnesium. Gulrotsalaten kan fåast i tre variantar: med kvitløk, karri og klassisk med ulike krydder. Ho prøver å finne ein salat som passar alle, og ho starta produksjonen for ein månad sidan. Salaten kan like gjerne brukast til fisk, kjøt, grillmat og på mange andre måtar.