Ein førar meld

Måndag kveld hadde Statens vegvesen kontroll av tungtransport og køyre og kviletida på Kjøs.

Statens vegvesen kontrollerte totalt 16 køyretøy på Kjøs måndag kveld.   Foto: Arkiv

Nyhende

Totalt 70 køyretøy var inne på kontrollplassen ved Kjøs måndag kveld, medan 16 køyretøy vart kontrollert. Ifølgje Statens vegvesen vart ein førar meld for brot på køyre og kviletida. Tre førarar måtte også fjerne ting frå frontruta før vidare køyring. I tillegg fekk ein førar gebyr for å ikkje ha med førarkortet.