Stad Landskap

Avviser påstandar om trugsmål

Er det nokon som rotar saman saker, så må det vere dei som meiner Stad Landskap er inkompetent.

Aviser: I Fjordabladet sist fredag fortalde Selje-ordførar Stein Robert Osdal at personar i Stad Landskap hadde sett fram trugsmål mot lokalpolitikarane. Dette avviser nestleiaren i Stad Landskap, Thomas Honningsvåg på det sterkaste. Foto: Tormod Flatebø 

Nyhende

Det seier Thomas Honningsvåg i ein kommentar til Selje-ordførar Stein Robert Osdal sin påstand om at personar i Stad Landskap står fram som inkompetente.


Stad Landskap sterkt kritiske til ordføraren si rolle i Okla-saka

Osdal avviser kritikken

 

– La meg prøve å gjere det klart med så korte og forklarande ord eg kan. Parallelt med behandling av klagesaka på miljø-, transport og anleggsplan (MTA) og detaljplan for Okla vindkraftanlegg, er det også eit innbyggjarinitiativ som vert behandla i kommunens styrande organ.

Samrøystes vedtak

–Innbyggarinitiativet resultert i eit samrøystes vedtak 14–0 i kommunestyret den 9. oktober i år. Vedtaket peikar direkte på Innbyggjarinitiativet og botnar ut i det som Rådmannen blant anna konkluderer med i saksutgreiinga til formannskapsmøtet den 13. august; At ein bør granske om Okla-konsesjonen kan trekkast, jamfør energilova sin paragraf 10.3 fjerde ledd, om konsesjonen er gitt på feil grunnlag. I vedtaket ber kommunestyret NVE om å sjå på konsesjonen på nytt. I tillegg ber kommunestyret om at alle dokument i saka blir sende til NVE. Ut frå vedtaket meiner vi at det gjeld alle dokument i Okla-saka, og som følgje av det alle dokument i saker som ligg journalført med referanse til saksnummer i Okla-saka. At ordførar tolkar det til at ein kan avgrense oversendinga av offentlege dokument, som skal vere medverkande til å oppfylle vilkår og føringar i konsesjonen, er vi forundra over, seier Thomas Honningsvåg.


 

–Det blir hevda at alle dokument er sendt inn til NVE, slik kommunestyret har bedt om. Stad Landskap sin avkorta deputasjon er ikkje sendt til NVE pr. 28.okt. ifølge NVE, sjølv om det hardnakka blir påstått noko anna, og det etter fleire purringar. Det tok over ei veke å sende det over dokumenta, men framleis utan Stad Landskap sin deputasjon. Den vart distribuert til alle partar i Kommunestyret fire timar før saka kom opp, seier han.

Sakshandsamar

–Ordførar motseier seg sjølv når han seier at han ikkje har vore sakshandsamar i Okla-saka. Ordførar var også saksbehandlar under høyring til føringar og innspel til nasjonal ramme for vindkraft, der Selje kommune leverte fråsegna om utviding av Okla i oktober i fjor, utan at kommunestyret var inne i biletet. Faktum er at ordførar står som sakshandsamar i Okla-saka 16/20445, det kan kvar enkelt sjekke vad å gå inn på Selje kommune sine heimesider.

Valde å ikkje klage

–Det var Regjeringa sin «minsak.no» som førte til at saka vart tatt opp i formannskapet. Det står fram som underleg, er at då formannskapet fekk rådmann si utgreiing valde det politiske organet å sende saka til kommunestyret utan drøfting eller tilråding, utover rådmannens konklusjonar som botnar ut i Energilovas paragrafar om tilbaketrekking av konsesjon som er gitt på feil grunnlag. I eit etterfølgjande e-postmøte blant formannskapet sin medlemmer valde formannskapet med fire mot to røyster å ikkje klage på endringar i MTA frå 2019. Poenget er at det var ikkje endringar i MTA-Plan som vart lagt fram i 2017, det var MTA og detaljplan som vart lagt fram for første gong. Denne har store avvik frå konsesjon og ein MTA kan ikkje endre vilkåra i konsesjonen. Anlegget vart i 2017 større enn konsesjonens anlegg sjølv om talet på turbinar gjekk frå 9 til 6, ikkje til 5 som Osdal påstår i fredagens uttale. Han som står som sakshandsamar i Okla-saka kan no spørje korleis nokon skal kunne sende inn høyringssvar når sakshandsamar hos kommunen ikkje inviterer til dette, seier Honningsvåg og viser til følgjande punkt som svar på ordføraren sine påstandar overfor Stad Landskap.

Inga tilråding

Formannskapet valde å ikkje klage. Klagefristen har gått ut for lenge sida, så kvifor ordførar drøftar endringane enno er eg forundra over. At mindretalet har inne ein klage mot ordførar sin vilje er ei anna sak, At der ikkje ligg arealbrukskart for anleggsveg og planområde i 2019 sjølv om MTA er godkjent er også forunderleg. Kortversjonen er at endringane gjekk frå 9 til 6 turbinar, ikkje 5 slik Osdal seier. Anlegget vart større, ikkje mindre som følgje av redusert tal turbinar. Reduksjonen i tal turbinar er grunna i konsesjonens øvre grense for installert effekt. Ved framlegg av forslag til MTA og detaljplan i 2017 bryt planane blant anna med konsesjonens maksimale høgde over havet.

Aldri sett fram trugsmål

Stad Landskap har ikkje truga nokon. Det er ein alvorleg påstand Osdal kjem med, og som Styret i Stad Landskap kjem til å gå vidare med, seier Thomas Honningsvåg og viser til det Selje-ordførar Stein Robert Osdal uttalte i fredagsutgåva av Fjordabladet.

–Det er første gong Stad Landskap har høyrt denne påstanden. Det utløyste intern gransking, fordi vi ikkje rekna med at antok i styret i Stad Landskap har truga lokalpolitikarane, seier Honningsvåg og viser til at Stad Landskap sin kommunikasjon er journalført hos Selje kommune.

Rot

At saka er rotete er alle samde om utanom Osdal verkar det som. NVE kom med nye føringar for å nettopp unngå slikt rot. Dette oppstår når ein stadig endrar planar og delgodkjenner desse med vilkår over lang tid. Det gjer det utfordrande å halde oversikt. Kva ordførar måtte meine går ikkje inn på meg. Eg har ikkje vorte motsagt på noko kva gjeld fakta i saka, og folk rosar arbeidet vi gjere for å belyse saka. Ser ein til selje kommune er det lite eller ingen informasjon å hente. Vi ventar framleis på svar på våre saklege og relevante førespurnader, seier Thomas Honningsvåg.