Innbrotssakene er oppklart

Dei tre innbrotsforsøka i Nordfjord sist veke er no oppklart.

Innbrotsforsøka i Nordfjord er oppklart, og dei pågripne har erkjent forholda, ifølgje politiet.   Foto: Arkiv

Nyhende

– Tre unge menn er pågripne og har erkjent forholda, opplyser politiet i Nordfjord. Dei takkar til alle som har delt deira etterlysing etter tips frå publikum.

– Eit av tipsa vi fekk inn vart heilt avgjerande. Ein særs takk til tipsaren frå Utvik. Han hadde fått med seg deler av kjennemerket på bilen. Andre tipsa oss om biltype. Dette førte oss etter kvart til rett bil, kommenterer politiet.