Stad Landskap sterkt kritiske til ordføraren si rolle i Okla-saka

Osdal avviser kritikken

– Det vi drøftar no er endringar i miljø-, transport- og anleggsplanen som vart vedtatt i 2017 og bakgrunnen for endringane.

Slår tilbake: Ordførar Stein Robert Osdal (KrF) meiner at han ikkje har gjort noko kritikkverdig i Okla-saka og avviser kritikken frå Stad Landskap. – Det er Stad Landskap som rotar til denne saka, seier ordføraren.   Foto: Tormod Flatebø (arkiv)

Nyhende

Det seier Selje-ordførar Stein Robert Osdal som samstundes tilbakeviser kritikken frå Stad Landskap sin nestleiar Thomas Honningsvåg på det sterkaste.



Alt er sendt

–Ein sentral del av kritikken som blir reist mot deg frå Stad Landskap sin nestleiar, er at Selje kommune ikkje sender alle relevante dokument i Okla-saka til Norges Vassdrags- og energidirektorat (NVE). Er dette korrekt, og er kritikken i så fall rettvis?

–Etter mitt syn nei. Alle dokument som låg ved saka då Selje kommunestyre handsama Innbyggarinitiativet er sendt til NVE, slik kommunestyret bad om, seier Osdal og presiserer at det her er snakk om dokumenta som låg ved Innbyggarinitiativet si sak, cirka 40 dokument.

–I tillegg er deputasjonstekstene frå Innbyggarinitiativet og Stad Landskap sendt til NVE. Når det gjeld det vi kan kalle «historiske dokument» frå tidlegare år, så er ikkje dei lagt ved saka til NVE, fordi det var ikkje det kommunestyret bad om og den type saker låg ikkje med i kommunestyre si handsaming.

Sakshandsamar

–Er det korrekt at du har vore sakshandsamar for Selje kommune i Okla-saka, slik som Stad Landskap hevdar?

–Det er ikkje korrekt. Den delen som eg på eige initiativ har tatt initiativ til er høyringa på mellombels rammeplan for vindkraft som var oppe i 2018. I tillegg tok eg Innbyggarinitiativet til formannskapet den 13. august, slik at formannskapet kunne drøfte korleis denne saka skulle handterast vidare. Når det gjeld Okla-saka elles så har eg ikkje vore sakshandsamar. At dette blir hevda frå Stad Landskap, seier noko om inkompetansen til Stad Landskap, seier Osdal som understrekar at det ein drøftar no er endringar i miljø-, transport- og anleggsplanen (MTA) som vart vedtatt i 2017 og bakgrunnen for endringane, og ikkje konsesjonen som vart gitt i 2013.

–Endringane gjekk, for å ta kortversjonen, ut på at ein i 2017 gjekk frå ni til fem turbinar. Altså ei mindre utbygging enn det ein opphavleg hadde skissert i MTA-planen. Når ein ikkje reagerte på dette i 2013, så er det meiningslaust å kome med ein reaksjon i 2019, seier han.

«Ulovleg møte»

–Frå Stad Landskap si side vert det hevda at du som ordførar har avvikla det dei meiner er eit lukka formannskapsmøte, e-postkorespondansemøte, i etterkant av det ekstraordinære formannskapsmøtet den 13. august. Er dette korrekt?

– All e-postkorrespondanse mellom formannskapsmedlemar i saka er offentlege, vi hadde ein korrespondanse i etterkant for å presisere vedtaket av 13. august. Her viser eg til uttale frå formannskapet den 19. august. Eg har ikkje hatt lukka formannskapsmøte i denne saka. Einaste gongen vi lukka eit møte var i etterkant av kommunestyremøtet den 9. oktober for å diskutere ein e-post med trugsmål, som fleire politikarar i Selje fekk. Her vart det nytta sterke ord om å stoppe Okla Vindkraftanlegg. Eg må verkeleg lure på kvifor Stad Landskap har ei så konspiratorisk tilnærming til korleis Selje kommune har agert i saka.

Skilje rollene

Stein Robert Osdal meiner også at det er viktig at ein skil mellom rollene til dei ulike aktørane i Okla-saka og til kva ein diskuterer.

–Selje kommune er ein høyringspart. Selje kommune har ikkje kompetanse til å seie noko om konsesjonen som er gitt, og kva som ligg i den. Heile poenget er at utbyggar har fått konsesjon på å bygge ut eit vindkraftverk som skal produsere 21 megawatt (MW). Korleis utbyggar ønskjer å produsere 21 MW, slik det ligg i konsesjonen, er opp til utbyggjar å definere i MTA-planen. Derfor hadde vi endringane av MTA-plan som var godkjent i 2017 til høyring i 2018, seier Osdal og viser til at det samband med denne høyringa dukka det opp ei ny sak, initiert av folkeaksjonen mot vindmølle på Okla.

Innbyggarinitiativ

–Denne aksjonsgruppa fekk fram eit innbyggjarinitiativ som vi diskuterte i formannskapet 13. august. Innbyggarinitiativet vart sendt vidare i neste formannskap og handsama i kommunestyre den 9. oktober. Høyring på revisjon av MTA-planen er formelt og korrekt handsama av Selje kommune og innbyggjarinitiativet er formelt og korrekt handsama etter reglane i kommunelova. At Stad landskap hevdar noko anna viser vel at dei kanskje ikkje har full kunnskap om offentleg forvaltning.

–Saka verkar veldig uoversiktleg og rotete.

–Ja, saka er ei omfattande og krevjande sak, men viss ein har vilje til å sette seg inn i saka så er det ikkje ei uoverkommeleg sak. Stad Landskap må ta på si kappe at den eksternt verkar både rotete og uoversiktleg. Det er Stad Landskap som rotar til saka, ikkje Selje kommune. Måten Stad landskap har handtert saka på, og ordlagt seg på, gjer at eg ikkje har tillit til Stad Landskap, seier Stein Robert Osdal til Fjordabladet.