Full fart med kappleik og dansemoro

Vestlandskappleiken i Operahuset Nordfjord er godt i gang. Dei starta opp i går kveld med konsertar og konkurransar til seine nattetimar. Og i føremiddag var det på'n igjen. I dag også med tilbod for dei aller yngste, som fekk gratis kurs i dans og felespel.

FOR DEI UNGE: I føremiddag var det gratis dansekurs i Operahuset for dei yngste.  

Nyhende

Vestlandskappleiken 2019

Festdagar i Operahuset

 

Konkurransar og konsertar går føre seg inne på scena i storsalen, og det er fritt fram for å ta turen innom for å få oppleve god stemning med danseglede og folkemusikk av høg kvalitet.