TV-aksjonen

–Alle kan gjere litt

Søndag går TV-aksjonen av stabelen, og frå Nordfjordeid deltek både lokale artistar og næringslivet gjennom veka.

Skape sin eigen arbeidsplass: Kathrine Berg, på Bergart, har skapt sin eigen arbeidsplass. No ønskjer ho å støtte opp om TV-aksjonen og til å skape ein arbeidsplass for kvinner i sårbare område i verda. Alle foto: Olin Maria Yri 

Konsert: Oselie, saman med Odd-Erik Lothe og Jackbow blant artistane som stod på Larris Scene i Førde til inntekt for årets aksjon. Her frå Hjartebank Eid. 

Armband: I fjor auksjonerte Bergart to smykke. I år er det eit Care-armband. 

Lotteri: Alti Nordfjord har denne veka lotteri til inntekt for TV-aksjonen. Ein person vinn heile korga, som butikkane på senteret har donert. 

Nyhende

– Alle kan gjere litt, konstaterer Kathrine Berg, på Bergart.

Ho er blant dei som har kasta seg rundt for å delta i årets TV-aksjon som går til Care sitt arbeid for kvinner i land som Niger, Mali, Den demokratiske republikk Kongo, Burundi, Rwanda, Myanmar, Afghanistan, Jordan og Palestina.

– Inntekta frå årets TV-aksjon går blant anna til å få kvinner i arbeid, at dei kan bestemme over eigen kropp og bruke si eiga stemme. Mange kvinner på Nordfjordeid har starta for seg sjølv og skapt sin eigen arbeidsplass, men også ein arbeidsplass for andre. Då er det litt meiningsfullt å gjere dette for kvinner i andre land.

– Vi kan håpe at vi er med på å inspirere andre til å gjere noko også, seier Berg.

Berg og Bergart har tidlegare deltatt med smykkeauksjon, og i fjor samla ho inn over 10.000 kroner. I år har Berg laga eit Care-armband som skal auksjonerast.

– Vi håper at også dette vil skape litt engasjement, seier Berg.

Også Alti Nordfjord er med å deltek under TV-aksjonen. Butikkane på senteret har vore med å bidratt til å fylle ei handlevogn som ein person vil vinne under eit lotteri denne veka.

 

Lokale artistar

Det er fleire som bidrar under årets aksjon. Nordfjordeid sanitetsforening har mobilisert ekstra i år.

– Det å kunne vere økonomisk sjølvstendig, å kunne bestemme over eigen kropp og å delta i samfunnet er avgjerande for likestilling og likeverd. Difor er det naturleg for oss å mobilisere ekstra for TV-aksjonen, fortel generalsekretær for N. K. S, Grete Herlofson, i ei pressemelding.

Fleire andre har mobilisert, og onsdag denne veka var også lokale artistar frå Eid med på ein konsert på Larris Scene i Førde. Konserten var sjølvsagt til inntekt for årets TV-aksjon. I fjor auksjonerte Oselie vekk ein konsert til inntekt for TV-aksjonen, som då gjekk til Kirkens Bymisjon. I år stilte ho og Odd-Erik Lothe, frå Kjølsdalen, opp saman med fleire andre artistar frå Sogn og Fjordane på konserten. Det lokale rockebandet Jackbow frå Nordfjordeid, som er aktuelle med debut EP, auksjonerte også vekk ein intimkonsert under denne konserten i Førde.


Sjå stor bildeserie

Laga operastemning i Sagastad