Nytt fylkesordførarkjede for Vestland er klart

Den første fylkesordføraren i Vestland skal i ein høgtideleg seremoni få overrekt den heilt nye fylkesordførarkjeda for Vestland tysdag kveld.
Nyhende

Motiva som er valde er både historiske og skal samtidig vere lett gjenkjenneleg for alle innbyggarane i Vestland.

Det ersylvsmed Knut Mykkeltvedt, Fjordsylv AS i Vik, som har laga fylkesordførarkjedet. Han har samarbeidd tett med biletkunstnar Åse B. Dale frå Aurland, som har teikna skissene. Fellesnemnda stilte med fire folkevalde, som har sete i komiteen saman med representantar frå administrasjonen i kulturavdelingane i fylka.

For komiteen har det vore viktig at alle dei 16 motiva viser stadar, aktivitetar og kjenneteikn som er sentrale frå anten historia eller notida. Difor ser vi både helleristningar, Urnesportalen, steinkross og Bryggen som representantar for historiske stadar i fylket. Frå næringsliv ser vi både sild, jekt, eple og turbinen, der sistnemnde omdannar kraft frå styrtande vatn til elektrisk kraft. Bruene og tunnelane bind oss saman og viser samstundes den store historiske ingeniørkunsten. Dropen, friluftsliv, hardingfele og fjording høyrer òg med som motiv i det som er vårt felles, nye fylke Vestland. Det mest moderne motivet er ein QR-kode, som viser vår teknologiske tid, og som samstundes viser vegen til ein nettstad for informasjon om fylkesordførarkjeda