Interesse for vindmøller i Rimstaddalen

VINDKRAFT: Vindkraftselskapet Zephyr eig og driv vindmølleparken på Mehuken i Vågsøy. 

Nyhende

Vindkraftutbyggarane har ikkje mista motet sjølv om det er massive protestar over heile landet mot planane om nye vindmølleanlegg. Etter det Fjordabladet erfarer har grunneigarar i Rimstaddalen fått førespurnader om korleis dei stiller seg til å få vindmølleanlegg eller anleggsvegar på sine eigedomar.