Åtvaringar og bruksforbod etter kontroll

Fleire sjåførar fekk åtvaringar og bruksforbod etter at Statens vegvesen hadde kontroll på Kjøs måndag.

Fleire sjåførar fekk bruksforbod før dei kunne køyre vidare. 

Nyhende

98 køyretøy var inne på kontrollstaden, 34 av desse vart kontrollerte.  Fire bilar fekk skriftelge manglar, og det vart gitt seks bruksforbod:

Ein sjåfør vart anmeld for brot på køyre og kviletida. To sjåførar fekk gebyr for ikkje å ha med vognkort. Tre sjåførar fekk åtvaringar for mindre brot på køyre- og kviletida. I tillegg fekk ein førar som køyrde med farleg gods pålegg. Han hadde ikkje godkjent brannslukkarane sine og fekk pålegg om å utbetre dette, opplyser Statens vegvesen.