Vestlandskappleiken 2019

Festdagar i Operahuset

Nordbygda spel- og dansarlag arrangerer Vestlandskappleiken i Operahuset Nordfjord i helga.

– DETTE BLIR KJEKT: Aud Sissel Orheim og Kjartan Naustdal i Nordbygda spel- og dansarlag gler seg til å fylle Operahuset med dans og spel under Vestlandskappleiken. 

KONSERT:I kveld er det konsert med Britt Pernille Frøholm i Operahuset Nordfjord, der ho vil presentere eit breitt utval slåttar for fele og hardingfele frå heile Nordfjord. (Arkivfoto frå Operahuset i Oslo) 

Nyhende

Kjartan Naustdal og Aud Sissel Orheim ønskjer velkommen til festdagar i Operahuset.

Vestlandskappleiken er eit godt etablert samarbeid over fylkesgrensene. Hit kjem store delar av folkemusikkmiljøet på Vestlandet.

Dette er eit arrangement der ein møtast og presenterer spel og dans, og der sosialt samvær og konkurransar er viktige element.

Ventar stor deltaking

Leiar i Nordbygda spel- og dansarlag, Kjartan Naustdal. fortel at det er Sogn og Fjordane og Hordaland som dreg lasset og byter på å arrangere kappleikar, men at det også er med deltakar både frå Møre og Romsdal og Rogaland.

Saman med Aud Sissel Orheim er Kjartan Naustdal og eit 50-tals medlemmer i laget no i ferd med å førebu den store samlinga der det er venta fleire hundre deltakarar. Dei er bra hjelpa, men tek imot fleire hjelpande hender med glede.

I tillegg til eit 20-tals ulike tevlingar innan musikk og dans vert det også lagt opp til diverse kurs og underhaldning. Også tevlingane går føre seg på scena, og alle som vil kan kome innom for å sjå på.

Naustdal og Orheim fortel at det vil bli servert lokal mat, og dei har lagt ned mykje arbeid i å skaffe premiar, som vil vere handlaga produkt, mellom anna er det mange strikkedamer i arbeid.

Kurs i dans og spel

Laurdag føremiddag vert det tilbod om kurs i dans og speling for barn som er litt for unge til å vere med på tevlingane. Der er aldersgrensa 12 år. Her er det fritt fram for å møte opp. Det vert også ei unik mogelegheit for dei litt meir vaksne for å delta i nybyrjarkurs i hamburger.

Det aller meste vil gå føre seg inne i Operahuset, men det er også ein viss fare for buskspel dersom forholda ligg til rette for det. Laurdag blir det høg bunadsfaktor i bygda.

Dei som kjem for å delta på Vestlandskappleiken må ordne med overnatting sjølve. Somme bur på hotell og campingplassar, andre har med seg bubil eller overnattar ulike stadar, til dømes på SFO-romma på Nordfjordeid skule der det er to juniorspelemannslag frå Bergen som skal halde til.

Konsert med Frøholm

I kveld er det konsert med Britt Pernille Frøholm, som vil presentere «Slåttar rundt fjorden».

På konserten vil felemeisteren presentere eit breitt utval slåttar for fele og hardingfele frå heile Nordfjord.

Britt Pernille Frøholm har gjennom dei siste 15 åra blitt ein anerkjent musikar og pådrivar for internasjonale musikalske samarbeid i mange format og former. Ho har med sine mange kritikarroste album innan fleire ulike sjangrar og med ulike band turnert store deler av verda.

Fundamentet i hennar virke er folkemusikktradisjonen ho er oppvaksen med i Nordfjord.

Frøholm fortel at for henne er Nordfjordtradisjonen ein allsidig tradisjon som rommar mange ulike uttrykk, ein smeltedigel av mange ulike stilvariasjonar.

– Dette er musikk som står meg nær, og som fyller meg med iver og entusiasme. Ein har ulikskapen mellom indre og ytre strøk, slåttar frå eldre tider, nyare slåttar som har vorte importerte frå notehefte frå Europa, og musikken som utvikla seg etter at hardingfela gjorde sitt inntog i fleire av bygdene.

– Det er ei stor glede for meg å få dele nokre av desse perlene med publikum på heimebane under Vestlandskappleiken på Nordfjordeid, uttalar Frøholm i presseskrivet om konserten.