Poengdeling i siste kamp

Laurdag spelte Eid borte mot Førde i den siste kampen for sesongen i Kretsligaen.

Det vart poengdeling mellom Eid og Førde laurdag ettermiddag då siste runde i Kretsligaen vart spelt. Her frå sigeren mot Stryn på heimebane.   Foto: Olin Maria Yri (Arkiv)

Nyhende

Laurdag ettermiddag vart siste runde i Kretsligaen spelt. Eid, på tredjeplass i serien, tok turen til Førde, på andreplass, berre tre poeng bak Årdal.

Gjekk opp i leiing

Eid gjekk opp i ei 0-1 leiing etter berre 17. minutt ut i første omgang etter scoring av Johan Pasit Skorge.  Rett før pause, i det 42. minuttet, scora Oskar Roti for Førde, og laga gjekk til pause på stillinga 1-1.

I andre omgang klarte verken heimelaget eller bortelaget å få ballen i mål, og 1-1 vart også resultatet då dommaren blåste av kampen.

Tredjeplass

Gjennom store deler av sesongen har Eid plassert seg på ein komfortabel tredjeplass i Kretsligaen, og etter poengdelinga laurdag endar Eid på 45 poeng og tredjeplass.

Årdal endar på førsteplass i Kretsligaen med 60 poeng og skal neste sesong spele i Norsk Tipping-ligaen, som er 3. divisjon. Førde kjem på andreplass med 55 poeng. 

Florø 2 endar sist med 11 poeng.


Kampfakta:

Førde – Eid 1-1 (1-1)

Førde Stadion

Dommar: Jakob Sande Søgne, Gaular IL

Ass. Dommarar: Jegatheesan Jeikishan, Florø SK, og Andreas Ytredal Akse, Hyllestad IL.

Gule kort: Ove Andre Balsnes, Eid, Mathias Lambrechts Sagevik, Førde, Daniel Haus, Eid, Simen Lefdal, Eid, Mads Wie, Eid, Krister Smaadal, Førde, Bernt Marifjæren Norevik, Førde, Thomas Holmøyvik Starheim, Eid. 

Raude kort: Bernt Marifjæren Norevik, Førde, Thomas Holmøyvik Starheim, Eid.


Mål:

17. min. 0-1 Johan Pasit Skorge

42. min. 1-1 Oskar Roti


Eid: Simon Andre Gimmestad, Daniel Haus, Thomas Holmøyvik Starheim, Espen Nødset Rosø, Ove Andre Balsnes, Henning Haugen, Johan Pasit Skorge, Kristian Lefdal, Simen Lefdal, Joakim Frislid Vedvik og Eirik Wik Leite.

Innbytarar:  Mads Wie og Eskil Heggen Starheim.

Førde:  Knut Strand Løseth, Martin Moldskred Dvergsdal, Ruben Digernes Holsæter, Eirik Flatjord, Vegar Heggenes Gjermundstad, Mathias Lambrechts Sagevik, Sander Aamelfot, Bernt Marifjæren Norevik, Brage Sandvoll, Oskar Roti og Kristian Hauståker.

Innbytarar: Henrik Flølo Nydal, Frank Robert Værn, Kristian Bell, Krister Smaadal, Christian Helgheim, Andreas Årseth og Elias Øvretveit Larsen.


Resultat 22. runde i Kretsligaen

Førde – Eid 1 – 1

Tornado Måløy – Årdal 1 – 2

Studentspretten – Høyang 1 – 1

Florø 2 – Syril 1 – 2

Bremanger – Dale 5 – 1

Kaupanger – Stryn 2 – 2


Tabell Kretsligaen

LagKamparVUTMålPoeng
Årdal22200287-2860
Førde22181372-1555
Eid22136384-3245
Studentspretten22116537-2639
Stryn22122854-4638
Kaupanger2294946-5931
Tornado Måløy22911250-5128
Høyang22651140-5023
Syril22531436-7718
Bremanger22511629-5516
Dale22511624-6316
Florø 222321725-8211