Mopedulukke

Førar sendt med ambulanse

Politiet melde at det har vore ei trafikkulukke i Vågsvåg.

Laurdag ettermiddag er det melde om trafikkulukke i Vågsvåg.   Foto: Arkiv

Nyhende

Rett før klokka 14:00 laurdags ettermiddag fekk politiet ei melding om ei trafikkulukke ved Gravdal Skule i Vågsvåg i Nordfjord. Det var ei singelulukke og ein moped var involvert. Naudetatar rykte ut til staden.

– Det er ein einsleg moped som har køyrt av vegen og har treft ein stein. Førar er tatt med i ambulanse til Førde Sentralsjukehus. Ikkje alvorleg skadd, men det er mogleg det er nokre brot skadar, seier innsatsleiar Morten Hagen til Fjordabladet.

Det er for tidleg å seie noko om kva årsaken til ulukka er, ifølgje Hagen.