Solid satsing på breiband

Med auka løyving reknar Sigurd Reksnes (Sp) med at Holmøyane og Lote/Hennebygda vil kunne få breibandmidlar. 

Nyhende

Sigurd Reksnes (Sp) melder om at Senterpartiet på fylkestinget i Sogn og Fjordane fekk gjennomslag for ei solid satsing på breiband i fylket.  Totalt vert det sett av 10 millionar ekstra i tillegg til dei nær 5 millionar som låg i framlegget. 

– Dette er med å sikrar ei vidare utbygging av breiband i store delar av fylket vårt seier gruppeleiar for Senterpartiet Sigurd Reksnes. Han peikar på at breiband er i dag er heilt avgjerande for busetnad og næringsutvikling.

At Sogn og Fjordane fylkeskommune no går inn med 10 millionar ekstra er eit viktig tiltak for å sikre ei god utvikling i fylket vårt.  Utbygging av breiband er i dag like viktig som utbygging av elektrisk kraft var i si tid.  Både folk flest og næringslivet har behov for digitale tenester og då må den digitale infrastrukturen vere på plass.

–At eit samrøystes fylkesting slutta seg til framlegget frå Sp, Ap, Krf, V, SV og MDG er positivt og viktig for fylket vårt, seier Reksnes.


Sigurd Reksnes utdjupar overfor Fjordabladet han no vurderer det slik at dei to breibandsøknadene for Holmøyane og for Lote-Hennebygda vil kunne gå igjennom og få løyvingar.

Ifølgje Reksnes var det Senterpartiet som tok initiativ til at ein skulle sette av ytterlegare 10 millionar kroner, finansiert med ekstraordinært utbytte frå Sogn og Fjordane Holding.