Har fjerna arealavgrensinga

Fylkestinget vedtok i går samrøystes å fjerne arealavgrensinga på handelsetableringar innanfor sentrumsområdet på Nordfjordeid og dei andre tettstadene i Nordfjord.

Illustrasjonsfoto 

Nyhende

– Dette inneber at innanfor det som Eid definerer som sentrum, vil det ikkje vere arealmessig avgrensing når det gjeld kor stort eit kjøpesenter kan vere, forklarer gruppeleiar i Fylkestinget for Senterpartiet i Sogn og Fjordane, Sigurd Reksnes.

Han er glad for at ein no har fått oppdatert kjøpesenterforskrifta og oppheva maksbegrensinga før ein går inn i eit nytt fylke. Det gjer det enklare å få til ei utvikling.

Ei sentral problemstilling for arbeidet med regional planføresegn om lokalisering av handel og kjøpesenter har vore korleis ein skal balansere ønskje om ei føresegn som ikkje er til hinder for større handelsetableringar i og utanfor sentrum mot nasjonale og regionale føringar for klima og miljø, regional konkurranse, arealbruk og stadutvikling.

Også fylkestingsrepresentant for Venstre i Sogn og Fjordane Alfred Bjørlo er godt fornøgd med at handelsforskrifta er endra.

 – Veldig bra, dette er viktig, seier han.