Lars-Svein Drabløs:

–Gåvepakke til Nordfjordbrua

I statsbudsjettet føreslår Regjeringa Solberg ei utviding i ferjeavløysingsordninga. –Dette er ei gåvepakke til Nordfjordbrua, seier Lars-Sven Drabløs, styremedlem i bruselskapet Nordfjordbrua AS.

–Med dei prosjekta som no er under bygging, dei vi skal starte på og dei som ligg inne i Nasjonal Transportplan, vil det ikkje vere lenge før vi vil ha gul stripe frå Lavik til Anda, seier Lars-Svein Drabløs som her er fotografert på ein av flaskehalsane, Gullkista, på E39 mellom Byrkjelo og Sandane.   Foto: Tormod Flatebø

Nyhende

I statsbudsjettet føreslår regjeringa at staten dekkjer 50 prosent av rentekostnadene knytt til byggekostnad, med frå trekk av meirverdiavgift og eventuelle bompengar. I tillegg blir det gjort framlegg om at utbetalinga blir avgrensa til 45 år, i motsetnad til i dag 40 år.