Thomas Honningsvåg:

–Avgjerd på feilaktig grunnlag

–Journalførte dokumenter hos Selje kommune syner at Formannskapet går imot dei fleste faglege vurderingar i høyringsfråsegn, og støttar rapportar med vesentlige faglege feil og manglar.

Vi meiner godkjenningar er gjort på feilaktig grunnlag, sa Thomas Honningsvåg, frå Sad Landskap, då han onsdag orientertre kommunestyret i Selje.   Foto: Tormod Flatebø

Nyhende

­­Det sa Thomas Honningsvåg  då han deputerte for kommunestyret i Selje og la frfam  Stad Landskap sitt syn på den vedtekne utbygginga av vindkraftanlegg på Okla.


 

Vidare sa Thomas Honningsvåg: «Historia til Formannskapet og administrasjon i Selje kommune syner at dei strekte seg vel langt i å få lov til å utgreie området Okla/Kyrnosa då Statnett fekk avslag på sin konsesjonssøknad i same område. Journalførte dokumenter hos Selje kommune syner at Formannskapet går imot dei fleste faglege vurderingar i høyringsfråsegn, og støttar rapportar med vesentlige faglege feil og manglar. Vindindustrianlegget er tenkt plassert mellom Eltvikehornet i Nord, Hoddevikfjellet i sør, Okla i øst og Vestkapp i vest, alle dei fire nemnde plassane ligg innanfor 5 kilometer frå turbinane. Eltvikehornet, som området heiter i rapportane, har svært høgt konfliktnivå, og skulle ikkje kunne kvalifisere til utbygging. Fleire åtvara sterkt mot denne utbygginga, som skulle vore vurdert likt som Statkraft sitt område tre kilometer sørvest. Turbinane som er tenkt å ruve 540 meter over havet, vil ha ein kraftig negativ påverknad på raudlista fugle- og planteartar, slik høyringsfråsegn heile vegen syner til.

Fagleg grunnlag

Det faglege grunnlaget vart, og verte fortsatt påpeika som rett feilaktig og villeiande av offentlege etatar og fagmiljø i alle rundar. Fylkesmann leverte innsigelse, og innsigelsemøtet endra ikkje Fylkesmann si meining, og Stad Landskap er einige i at avbøtande tiltak ikkje kan verte tilstrekkelege nok for skaden dette anlegget vil få for naturmangfald.. Økonomisk vil andre næringar som er knytt spesielt til reiseliv og friluftsliv, samt filmindustri lide eit stort tap om ikkje dei folkevalde ser at NVE sine  berekningar om at gevinsten er større enn tapet er grunnlagt på dokumentasjon utan fagleg hald på kritiske punkt. Ornitologisk foreining, Fylkeskommune, Riksantikvar, Miljødepartement med fleire påpeika viktige faktorar som NVE og Formannskap i Selje kommune overhøyrde. På nokre punkt svarte med å levere svært fagleg dårlige utgreiingar som vart tatt for god fisk. Det synest også at det råda forvirring i kva inntekt Selje kommune skal regne med på anlegget. Det skal ikkje reknast inntekt på anlegget i 2019 i følgje samarbeidsavtale. Organisasjonen meiner konsesjon er gitt på feil grunnlag.

Partiske

Konsulent på oppdrag for tiltakshavar er tydeleg partisk i sine landskapsvurderingar, og med lokal kjennskap ser ein dette svært godt om en les rapportane som er lagt til grunn for godkjenning. Anlegget vert godt synleg frå dei viktigaste kulturminna som Vestkapp og Hovden, sjølv om Norconsult meiner det annleis. Freda kulturminn som tufter og støler ligger ifølge konsesjonær ikkje mindre enn 5 meter frå vegskulder på anleggsveg, og bålplass, rundt 800år gamal som vart merka som automatisk freda kulturminne under pliktig synfaring, samt flyvrak frå andre verdskrig, samt turløype frå Dalskaret til Kyrnosa ligg alt i sikt og høyrbar avstand til anlegget. Alt innafor 1500 meter. Der er ingen vegetasjon som dempar sikt til turbinane slik det vert påstått, då det ikkje veks tre eller buskas over 300 meter på Stadthalvøya som er sterkt påverka av det salte klimaet. Revegetering i området går ikkje fort når det ikkje veks anna enn myr og skjeldne planteartar i området.

14 år med planarbeid

Konsesjonær og NVE har etter 14 år med planarbeid samla mykje informasjon og delgodkjent fleire endringar, med ettersendingar av dokumenter som skal erstatte feil i annan dokumentasjon og grunngje kvifor ein har utført og fullført krav som ligg i vilkår for godkjenning av endringar i Konsesjon, MTA og detaljplanar. Stad Landskap oppmoda til å fatte et vedtak som resulterer i at kommande Stad kommune kan forvalte gullet vårt på ein god måte ved å først få klarhet i kva dokument og faktagrunnlag som er gjeldande. NVE burde legge fram gjeldande dokumentasjon for kommunestyret for godkjenning  før oversending av klage på MTA og detaljplan.

Arealbruk

Anlegget liknar ikkje den omsøkte konsesjonen av 2007, og endringar i MTA av 2019 omtalar arealbruk som ikkje tidlegare er omtala, og har ikkje dei privatrettslige avtalane på plass.

Vilkår synest svert vanskelige å oppfylle samtidig som administrasjonen i Selje kommune fråskriv seg alt ansvar og peikar på NVE, sjølv om Formannskapet har forsikra NVE om at «rapportar er gode nok og konsesjon bør gis» i 2008 trass utspel i alle høyringsrundar som påpeikar feil, manglar og villeiingar i dokumentasjonen.

Jobba i det skjulte

Saman med Stig-Magne Svalheim og Oddgeir Agnar Kvernevik har Stein-Robert Osdal og Ørnulf Lillestøl med formannskap, mot ei stemme  jobba tildels i det skjulte dei siste åra for å få realisert det urealistiske anlegget. Dokumentasjon av saksbehandling syner at ordførar ikkje har jobba for løysingar som gagnar fellesskapet. Og organisasjonen finn ikkje dokumentasjon som tilseier at Selje kommune tener pengar på dette, og pengar og sysselsetting var einaste grunnlag for ja i tidlege høyringsrundar. Selje kommune synes lurt opp i stry med lovnadar om gull og grøne skogar, men får no katta i sekken medan Svalheim og Kvernevik spis all havren aleine, eller restane etter Falck Renewables har forsynt seg. Der finnes ingen logisk eller fagleg grunngjeving for å reise eit slikt anlegg 540 meter over havet med fri sikt til alle populære utkikkspunkt i fleire mils omkrins.

Høgaste punkt

Dei 5 gigantane vert alle av dei 7 høgaste punkta på Stadthalvøya, dersom dykk skulle no tillate dette. Endringane frå konsesjonssøknad til MTA og detaljplan 2017 er også så store at ein burde vurdert konsesjonen på nytt slik føringane tilseie, og følgjeleg ikkje vorte godkjent. Ein skulle tru at når ein gikk frå 9 til 6 turbinar so er det som avbøtande å regne slik konsesjonær prøver seg på i endringssøknad, saken er at anlegget vart 44% større frå 2013 til 2017 når ein inkluderer 150% større rotorsveip og høgd, noko som har større negativ påverknad på naturmangfaldslova, og det utan at influens vart kalkulert på nytt, slik også Norconsult kommenterer i sin siste rapport. anlegget har i planane for 2019, 54 675m2 rotorsveip, mot 2013 sine 34 365m2, aukinga aukar faren for å ta livet av fugl, og er ikkje som avbøtande å rekne.

Sparsamt med dokumentasjon

Når ein søker opp saka hos Selje kommune (16/20445 - Okla vindpark ) ser ein fort at ordførar Stein Robert Osdal er saksbehandlar i saka og har svert sparsamt med å dokumentere og opplyse, stikk i strid med NVE sine føringar i godkjenningar i konsesjonen. Saksdokumenter og møtereferat syner at Formannskap jobbar for realisering og utviding av Okla på vagt grunnlag, om ein les protokoll frå 151/18 møte i formannskapet 03.10.2018.

Selje kommune klarte ikkje å levere Høyringsfråsegn til nasjonal ramme for vindkraft på land innan fristen, men har utsett leveringsfrist til 09.10.2019 i fylje Rådmann. Saka synest ikkje å ha nådd kommunestyret ved eit einaste tilfelle dei 4 siste åra, heller ikkje planar for vindkraft i kommunen er på sakslister. Selje kommune er einaste kommunen som ikkje har deltatt i arealplanmøte hos Fylkeskommunen, då møtet vart avlyst i 2016 og ikkje hald seinare, i følge innsyn. Fylkeskommunen er som dykk veit imot utbygginga, og også nye Fylkesmann i Vestland er også imot på grunnlag av dei fagleg dårlege og villeidande fagrapportane. Konsesjonen skulle vert vurdert på ny i 2017, men vart ikkje det på grunn av saksbehandlingsfeil på grunnlag av fagleg villeiande vurderingsgrunnlag. Fylkesmann i Vestland stadfestar dette i si høyringsfråsegn av 30.09.2019 som er vedlagt saka på dagsorden.

Unntak

23 oktober 2018 vedtar formannskapet si meining til nasjonal ramme for vindkraft med desse orda lagt fram av Ordførar: «Som unntak for vårt hovudsyn meiner Selje kommune at Okla vindpark kan få eit større område til å ekspandere med fleire vindmøller for å gjere prosjektet meir lønsamt og for å forsvare dei store naturinngrepa som vil verte gjort», vedtatt med 6 mot 1 stemmer. Formannskapet seier her at anlegget ikkje kan forsvarast i forhold til dei store inngrepa slik planane er no, og at avbøtande tiltak ikkje er tilstrekkelige slik også Fylkesmann meinte i første høyringsrundane. Det vil seie at anlegget aldri har vore realistisk noken gong, og NVE sine antagelsar om at fordelane er større enn ulempene er feil antatt. Der er ikkje kapasitet til fleire turbinar på 22Kv linja og kvifor ikkje saksbehandlar i Oklasaka, Stein Robert Osdal har belyst dette tidlegare, er etter vårt syn underleg."

Vi meiner godkjenningar er gjort på feilaktig grunnlag, og ber på våre kne om at kommunestyret vedtar å granske påstanden som vert lagt fram av Rådmann i si utgreiing, om at konsesjonen kan behandlast under energilova § 10-3 fjerde ledd. «Konsesjonen er gitt på grunnlag av urette eller ufullstendige opplysningar om forhold av vesentlig betyding», som tilseier at konsesjonen kan trekkast tilbake, jf. energilova § 10-3 fjerde ledd.