Skiftar namn til Inviro

For to år sidan starta jobben med å etablere Fjordane Virtuelle Campus. No er det klart at dei skiftar namn i fortsetjinga.

Styret: Einar Løken (t.v.), Trond Haavik, Kristine Dahl og Petter Sødermann (t.h.) er i styret i Inviro, Nordfjord Virtuelle Campus. Arne Steinsvik og Tore Hjelle var ikkje til stades, men er også i styret.Det vart klart i sommar.   Foto: Olin Maria Yri

Nyhende

Det som vert kalla forprosjektet «Fjordane Virtuelle Campus» er no fullført, og det er bestemt at selskapet skal skifte namn til Inviro, med undertittelen Nordfjord Virtuelle Campus. Det er rundt to år sidan at planane om å etablere eit selskap vart starta, og forprosjektet har vore ein prosess over lenger tid. No er det altså klart at det vert eit innovativt namneskifte for å synleggjere kvar selskapet kjem frå.