Nordfjord Golfklubb

No vert det golf året rundt

Nordfjord Golfklubb har fått eit heilt nytt golf-rom med golfsimulator som gjer at golfarane kan trene året rundt.

Ivrige: Håvard Kristian Leivdal (t.v.), André S. Høydal, Oliver Holmøyvik og Balder Vidnes (t.h.) er ivrige golfarar og har dei siste vekene brukt det nye golfsimulator-rommet mykje etter at det vart klart til bruk.   Foto: Olin Maria Yri

Det er meir adrenalin i golf enn det er i handball

Håvard Kristian Leivdal

Nytt: Det nye golf-rommet på hemsen på Nordfjord Hotell vil nok bli brukt mykje av golfarane i Nordfjord Golfklubb når snøen kjem. Der kan dei spele på profesjonelle baner og bestemme vêret sjølv.  Foto: Olin Maria Yri

Nyhende

På hemsen på Nordfjord Hotell på Nordfjordeid har Nordfjord Golfklubb laga til eit heilt nytt golf-rom med golfsimulator og sikringsnett. Golfsimulatoren gjev tilgang på fleire 100.000 baner, og blant desse er dei mest spektakulære banene i verda som Lofoten Links og The Old Course, St Andrews i Skottland, og baner som vert spelt under dei store golfturneringane som PGA.

– No er alt klart. Vi hadde litt problem med feilmeldingar i starten, men no har det gått bra og det har vore få problem i det siste. Vi håper det held seg slik, seier Frode Nord, sportsansvarleg i Nordfjord Golfklubb.

Rettar seg mot ungdom

Nordfjord Golfklubb held til på Stokkenes Golf Park. Dei siste åra har golfklubben spesielt satsa på å rekruttere ungdom, og har berre det siste året fått 25 nye unge medlemmar. Med det nye golf-rommet, som dei har brukt rundt 80.000 kroner på, satsar dei endå meir på ungdommen.

– Vi har blitt sponsa av Sparebanken Vest ettersom vi har retta oss inn mot ungdom, fortel Frode og legg til at dei har fått 25.000 kroner frå Sparebanken Vest til simulatoren.

Eit golf-rom med simulator har lenge vore i planane til golfklubben. Frode fortel at dei har sett litt på korleis andre klubbar har gjort det og vurdert kvar eit slikt golf-rom ville passe inn.

– Vi var først der Instinct er i dag, men det var ikkje heilt perfekt. Vi snakka med hotellet og då sa dei at hemsen ikkje vart så mykje brukt. For oss passar det fint å ha det her, så lenge det ikkje er mogleg på Stokkenes, seier Frode.

Vintermånadane

Som mange andre idrettar, har vêret og årstidene ein stor verknad på golf. Ifølgje Frode var det i fjor fleire som var å golfa 23. desember og i år var det ei historisk tidleg opning. No i haust har kulden kome tidleg i oktober, og når snøen kjem må golfinga flyttast inn i det nye golf-rommet.

– No når det vert vinter og kaldt, trur eg fleire kjem til å kome hit å spele.

– Når det er fint vêr så vil dei fleste spele ute, men dersom ein slit med noko teknisk vil golfsimulatoren vere til bra hjelp. Vi har program vi kan køyre for akkurat det, seier Frode.

– Vi vert betre av å spele her. Vi mistar ikkje alle dei vintermånadane heller. I tillegg vert vi betre på slag, legg Håvard Kristian Leivdal (15), som er ein ivrig golfar, til.

Bra med adrenalin

Ifølgje Frode og Håvard er golf noko for alle aldrar, og spekteret i Nordfjord Golfklubb er stort, også når det gjeld nivå. Det at dei kan no spele heile året trur dei vil vere positivt for utviklinga.

– Eg har nok vore her nokre timar i løpet av desse to vekene. Det er veldig kjekt.

– Det er meir adrenalin i golf enn det er i handball, seier Håvard, som er blant dei som har brukt det nye golf-rommet mest så langt.