Gensermysteriet er løyst

No har eigaren fått tilbake den fine heimestrikka genseren som vart funnen på gangvegen ved Sjøgata på Nordfjordeid.

Torill Bjørlo takkar Henrik Stokkenes og Fjordabladet for hjelpa med genseren som ho mista.   Foto: Anna Wuttudal

Nyhende

Farmor Torill Bjørlo fortel at ho søndag var på tur til Sagaparken med barnebarna Lukas (1) og Emilie (3). Lukas i vogn og Emilie på ståbrett. Det var litt kjølig og som bestemødrer flest hadde Torill sikra seg med å ta med ein reservegenser. Og det var denne som hadde falle ut av vogna og hadde blitt liggande på gangvegen, og som Henrik Stokkenes hadde funne og teke vare på.