Får taletid om vindkraft i Selje

Selje-ordførar Stein Robert Osdal opplyser at både Bård Fløde og Thomas Honningsvåg får kome til orde.   Foto: Anna Wuttudal

Nyhende

Bård Inge Fløde, talsperson for Nei til vindmøller på Stad og Thomas Honningsvåg i Stad Landskap får begge taletid om vindkraft i ei høyring i forkant av kommunestyremøtet i Selje i morgon. Det opplyser Selje-ordførar Stein Robert Osdal (KrF). Han har også invitert dagleg leiar i Vestavind Energi, Stig Svalheim for å orientere om saka frå utbyggjar si side.

Fløde og Honningsvåg fekk i utgangspunktet nei til å halde innlegg på møtet.

Kommunestyret i Selje skal handsame både «Oppfølging av vedtak i formannskapet og innbyggjarforslag - Okla Vindpark» og «Uttale frå Selje kommune til nasjonal ramme for vindkraft»



Motstand mot Okla vindpark