Stad skipstunnell og statsbudsjettet

– Vart ikkje ofra i samband med bompengestriden

Samferdsleminister Jon Georg Dale (FrP) avviser på det mest bestemte at Stad skipstunnel skal ha blitt ofra i samband med bompengebråket, slik Sp-politikar Sigurd Reksnes har gjeve uttrykk for kan ha vore tilfelle.

Samferdselsminister Jon Georg Dale (FrP) forklarer at det er tidsnok med startløyving i budsjettet for 2021  for å halde framdrifta i Nasjonal Transportplan, der det er lagt opp til oppstart i første periode som går til 2023, og restfinansiering i andre del av NTP-perioden.  Arkivfoto: Anna Wuttudal 

Nyhende

Det var stor skuffelse over at det ikkje kom oppstartsmidlar til Stad skipstunnel i Statsbudsjettet for 2020 som regjeringa la fram i går, men samferdsleminister Jon Georg Dale understrekar at dette på ingen måte er kroken på døra for prosjektet. Og han avviser kategorisk at det her skal vere snakk om at skipstunnelen har blitt ofra for å kunne bruke meir pengar på å redusere bompengetrykket.