Vegen stengd ved Haugen

Frå måndag til onsdag vert Fv. 5747 Hjalmavegen stengd mellom Haugen og Espe bru på dagtid grunna vedlikehaldsarbeid.

Måndag til onsdag vert det vegstenging ved Haugen.   Foto: Arkiv

Nyhende

Det melder Statens vegvesen i ei pressemelding. Måndag og tysdag vert vegen stengd frå Engeland til Espe bru, medan vegen vert stengd ved Tverrelva onsdag.

Det vert difor omkøyring via Stårheim og Remmedalen, eller den kommunale vegen om Bjørhovde.