Statsbudsjettet 2020:

Stor satsing på trafikksikringstiltak i vest

Statens vegvesen har ein visjon om null drepne og hardt skadde i trafikken. Neste år blir trafikksikringsløyvingane dobla i Region vest.

Illustrasjonsfoto 

Nyhende

Dei siste åra har Statens vegvesen gjort fleire tiltak innan trafikksikring, som til dømes forsterka midtoppmerkingar, utvida og betre sideterreng langs vegane, og montering av rekkverk. Viktige bidrag for å hindre utforkøyrings- og møteulukker. Dette arbeidet kan halde fram med full styrke også neste år.

Forslaget til statsbudsjett legg opp til at vi får nær dobbelt så mykje pengar som vi ba om til vår satsing for å redusere talet på drepne og hardt skadde ved utforkøyrings- og møteulukker. Vi har sett dei seinare åra at desse ulukkesformene har tatt fleire liv, difor er det gledeleg at vi kan halde fram denne satsinga og gjere nye viktige tiltak i 2020, seier fungerande regionvegsjef i Statens vegvesen Region vest, Tone Margrethe Oppedal.

Totalt er det sett av 234 millionar kroner i 2020 til dette føremålet, mot 120 millionar i 2019.

Pengar til E39 Myrmel-Lunde

I statsbudsjettet for Statens vegvesen handlar det om middel og løyvingar til riksvegane i Norge, ikkje fylkesvegar og kommunale vegar. Riksvegar inkluderer her også europavegar. Regjeringa føreslår at Statens vegvesen totalt skal bruke 32,4 milliardar kroner på vegføremål i 2020-budsjettet. Av dette skal det brukast om lag 6,5 milliardar til riksveginvesteringar i Region vest, ein auke på 400 millionar kroner frå 2019.

– Det høge aktivitetsnivået på riksvegnettet i regionen held med andre ord fram også i 2020. Målet er at vi skal klare å bruke alle dei midla vi får tildelt. Det betyr at vi er i stand til å gjennomføre prosjekta til rett tid, kostnad og kvalitet, seier Oppedal.

Ho fortel at det meste av investeringsbudsjettet går til vegprosjekt som allereie er starta opp, som til dømes E39 Svegatjørn–Rådal og det førebuande arbeidet på rv. 555 Sotrasambandet. Men det blir likevel oppstart på eitt nytt vegprosjekt i regionen neste år, det er E39 Myrmel–Lunde i Sogn og Fjordane.

– Dette prosjektet har vi vore klare til å gå i gang med ei stund, difor er det gledeleg at vi kan halde fram det viktige opprustingsarbeidet på E39 mellom Lavik og Skei. Strekninga mellom Myrmel og Lunde er ein flaskehals på E39, og når dette arbeidet er ferdig vil det ha stor nytteverdi på ein høgt trafikkert europaveg, seier Oppedal.

Tunnelrehabiliteringa held fram med full styrke

Det er ikkje sett av middel til nye, større skredsikringstiltak i Region vest det komande året, men det ligg likevel inne pengar til å halde fram arbeidet med ny tunnel på rv. 5 i Kjøsnesfjorden. I tillegg vil arbeidet med tunnelen mellom Vik og Vangsnes på rv. 13 bli ferdig i 2020.

Det er også venta høg aktivitet knytt til oppgradering av riksvegtunnelane i regionen. I forslaget til statsbudsjett er det sett av 998 millionar kroner, ein auke på om lag 250 millionar samanlikna med inneverande år.

– Vi er veldig glade for at det no er «fullt trøkk» på dette arbeidet, og sidan starten i 2016 og fram til no har vi oppgradert og ferdigstilt 15 tunnelar i regionen. Dette er tunnelar på viktige samferdsleårer som E16 mellom Bergen og Voss, og ikkje minst på E39 frå Bergen til Sunnfjord. 2020 blir kanskje det året der vi har størst aktivitet knytt til slikt arbeid, så eg vil takke bilistane for det tolmodet dei har vist til no og håpar vi kan halde fram dette viktige arbeidet utan det går for mykje utover trafikkflyten, seier Oppedal.

Det er venta oppstart av oppgraderingsarbeid i følgande tunnelar i 2020:

  • E16: 5 tunnelar, Bjørkhaug, Sætre, Borgund, Selta, Lærdalstunnelen (kanskje oppstart på tampen av året i Dalevåg, Dalseid, Trollkone, Hyving og Hernes)
  • E39: 4 tunnelar (Jernfjell, Skrikeberg, Eidsvåg, Glaskar)
  • Andre riksvegar: 3 tunnelar (Stedjeberget, Damsgård, Nygård)

Elles så kan trafikantane gle seg over at ni tunnelar skal bli ferdigstilte i 2020. Det er Gudvanga, Flenja og Arnanipa på E16, samt Uføre, Håklepp, Hop, Nesttun, Matreberg og Trodal på E39.

Her finn du statsbudsjettet 2020: https://www.statsbudsjettet.no/Statsbudsjettet-2020/