SP rasar over ny sentraliseringsreform

Siv Jensen la i dag fram regjeringa sitt forslag til statsbudsjett. Senterparti-leiar Trygve Slagsvold Vedum reagerer kraftig på ein massiv sentralisering av skatteinnkrevingskontor og nedlegging av arbeidsplassar i heile landet.

  Foto: Tormod Flatebø

Nyhende

-   Regjeringa har ingen grenser for kor mange tenester og arbeidsplassar som skal sentraliserast vekk frå folk. Frå før har Høgre og FrP lagt ned lensmannskontor, skattekontor og NAV-kontor i heile landet, og seinest i forrige veke kom forslaget om å legge ned tingrettar og ta vasskraftinntekter frå kommunane. I dag kom nyhita om at over 200 skatteinnkrevingskontor i heile landet skal sentraliserast, seier Vedum i ei pressemeldling

Slagsvold Vedum meiner dette er nok eit eksempel på at regjeringa ikkje lyttar til folk.

-  Høgre og FrP har ikkje lært noko av valet, der folk ga tydeleg beskjed om at dei ikkje vil ha meir stordrift og sentralisering. Det første regjeringen gjer er likevel å sentralisere endå meir. Det er så arrogant at eg har nesten ikkje ord, held han fram.

Slagsvold Vedum meiner vidare at regjeringa held fram med å angripe norsk industri og norske arbeidsplassar. Sukkeravgifta auker, medan pendlerfrådraget vert redusert.

-  Avgiftspolitikken til regjeringa går hardt ut over både bedrifter og arbeidsfolk. Heller ikkje denne gongen rettar regjeringa opp feilen det var å innføre ein massiv avgiftsauke på ikkje-alkohaldige drikkevarer. Vi veit at denne avgifta flyttar arbeidsplassar fra Norge til utlandet, og det er heilt uforståelig at regjeringa ikkje vil senke avgifta for å sikre norske arbeidsplassar, seier Vedum i ei pressemelding.