Politiet:

Mistenkeleg dødsfall i Svelgen

Politiet  rykkte søndag etter middag ut til ei adresse i Svelgen kommune, etter melding om funn av død person.

Illustrasjonsfoto. 

Nyhende

Vedkommande blei funne død på sin bustad av naboar rundt klokka 14.00. Politiet ser på dødsfallet som mistenkeleg, då dødsfallet er uventa og omstenda rundt dødsfallet er uavklart.  Funn på staden gjer at politiet føretar undersøkingar, men det er for tidleg å seie om dødsfallet skuldast ei kriminell handling, melder politiet som vidare opplyser at pårørande ikkje er varsla og at dei ikkje har moglegheit til å gje ytterligare opplysningar i saka.