Statsbudsjettet 2020

Mindre til Opera Nordfjord

Det blir mindre pengar frå Staten til Opera Nordfjord i 2020.  Foto: Ingebjørg Nilsen Stokkenes

Nyhende

Opera Nordfjord får 260.000 kroner mindre over statsbudsjettet i 2020 enn det operaen fekk i 2019. I 2019 fekk Opera Nordfjord 5.290.000 kroner i løyving over Statsbudsjettet. For 2020 er støtta kutta med 260.000 kroner, til 5.030.000 kroner. Opera Nordfjord er den einaste av Region- og distriktsoperaene i landet som får kutt i løyvinga i statsbudsjettet for 2020.