Må møte i retten etter dødsulykke

Det er sett av fire dagar til rettssaka etter den tragiske dødsulykka i Kjølsdalen i romjula der to kvinner mista livet.

Dødsulykke: To kvinner omkom etter ei trafikkulykke i romjula. I februar kjem saka opp for retten.   Foto: Arkivfoto: Inger Træen

Nyhende

Ein mann i 50-åra blei først sikta for aktlaust drap. Siktinga blei seinare utvida til også køyring i ruspåverka tilstand etter dødsulykka. 25. februar 2020 startar rettssaka i Sogn og Fjordane tingrett, og det er sett av fire dagar til rettssaka.