Gedigent KrF-tap i kampen om skattekontor

  Foto: Arkiv

Nyhende

KrF har måtta svelgje ein diger kamel ved å gå med på å overføre skatteoppkrevjinga frå kommunane til Skatteetaten 1. juni neste år, erkjenner partiet.

Med det forsvinn 227 lokale skattekontor, og alle stillingane som i dag er kommunale, blir flytta inn under den statlege forvaltninga.

– Dette er eit reint KrF-tap og ei sak der vi hadde eit anna primærstandpunkt som vi tidlegare har forsvart i Stortinget, seier KrFs finanspolitiske talsperson Tore Storehaug til NTB.

– Det viktige for oss er at vi har fått ei anna løysing enn sist, med fleire kontor som blir foreslått haldne ved lag og ei netto utflytting frå Oslo og Bærum, seier han.

Men kritikken mot forslaget lèt ikkje vente på seg.

– Klassisk sentralisering

Senterpartiet gjorde nyleg eit brakval etter i lang tid å ha kritisert reformene til regjeringa innan utdanning, politi, rettsapparat, helsevesen og forsvar.

– Seinast førre veke kom forslaget om å legge ned tingrettar og ta vasskraftinntekter frå kommunane. I dag kom nyheita om at over 200 skatteinnkrevjingskontor i heile landet skal sentraliserast, seier Sp-leiar Trygve Slagsvold Vedum.

– Det går ikkje ei veke utan at regjeringa kjem med eit slikt grep. Alltid blir det framstilt som modernisering og betring. Men når ein tar bort skrytet, er det klassisk sentralisering og statleggjering, seier han til NTB.

Solberg: – Ikkje sentralisering

Statsminister Erna Solberg (H) grunngir forslaget med behovet for ein større kraftsatsing mot arbeidslivskriminalitet.

– Det er Oslo og Bærum som får dei store nedtrekka, og vi får ei samling på distriktsstader som Otta, Leira og Tynset og mange andre små og mellomstore stader, seier ho til NTB.

– Det er ikkje sentraliserande, slår Solberg fast.

Ho ber Vedum erkjenne at når regjeringa flyttar oppgåver ut til kommunane og styrker kommuneøkonomien, er det tiltak mot sentralisering.

– Det vil han vanlegvis ikkje, konstaterer statsministeren.

Også Venstre snur

Regjeringa anslår at tiltaket sparer samfunnet for 370 millionar kroner årleg.

Også Venstre stemte mot eit liknande forslag i 2015, men har til liks med KrF snudd. Dei to partia stod den gongen utanfor regjeringa dei i dag er ein del av.

– Det er to store forskjellar frå 2014. Det er ingen som kan hevde at dette er ei sentralisering. No blir det 56 kontor rundt om i landet som får styrkt bemanning og kompetanse, seier Venstres parlamentariske leiar Terje Breivik til NTB.

Han viser til at kampen mot arbeidslivskriminalitet er viktig for å ta vare på velferdsstaten.

Prøvde i 2015

I dag har alle kommunar i utgangspunktet eigne innkrevjingskontor, men mange kommunar har valt å samarbeide om innkrevjinga.

– Regjeringa foreslår å overføre skatteoppkrevjinga frå kommunane til Skatteetaten. Det skal gjere innkrevjinga meir effektiv, enklare for næringslivet og publikum og dessutan styrke innsatsen mot svart økonomi og arbeidslivskriminalitet, heiter det i budsjettforslaget.

I 2014 foreslo regjeringa å redusere talet på skatteoppkrevjingskontor frå 288 til omkring 30 og gjere skatteoppkrevjinga til ei statleg oppgåve. Men forslaget fekk ikkje fleirtal i Stortinget.

Skattedirektøren har vore opptatt av at ei reform som den regjeringa no på nytt foreslår, kan vere eit viktig grep i kampen mot svart økonomi.

(©NPK)