Fann strikkagenser på gangvegen

Nyhende

Henrik Stokkenes fann denne fine strikkagenseren ved Sjøgata på Nordfjordeid. Han tok vare på genseren og kom innom Fjordabladet i dag for å be om hjelp til å finne eigaren.

Genseren låg på gangvegen aust om gata, på høgde med Biltema, og Stokkenes fann den i fire-femtida søndag ettermiddag.

Genseren ligg førebels i resepsjonen i Fjordabaldet og kan hentast av rette vedkomande i opningstida.

Dersom genseren ikkje blir henta, vil vi levere den vidare til hittegods hjå Politiet.