Statsbudsjettet 2020

565 millionar til flaum- og skredsikring

Jordskred Skredestranda.  Foto: Jan Tore Sunde/Politiet Arkivfoto

Nyhende

Regjeringa foreslår å bruke 565 millionar kroner til flaum- og skredførebyggande tiltak neste år, medan NVE anslår behovet til å vere minst sju gonger så stort.

Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har kartlagt behova for flaum- og skredsikring i alle norske kommunar, og det siste kostnadsoverslaget er på drygt 3,9 milliardar kroner.

Regjeringa meiner «klimaendringar og meir ekstremvêr gir større utfordringar» og foreslår i statsbudsjettet for neste år å bruke 565 millionar kroner på slike tiltak.

Av dette er 60 millionar sett av til skred- og flaumsikring i Longyearbyen, der NVE anslår at det trengst 163 millionar kroner til slike tiltak.

100 millionar kroner er øyremerkte tunnel og skredsikring over Kvamskleiva på E16 nord for Fagernes, medan 25 millionar kroner er øyremerkte utbetring av riksvegen mellom Gran og Lunner på Hadeland.

Dermed er det 380 millionar kroner att til flaum- og skredsikring i resten av landet.

NVE anslår at flaumsikring av Vossovassdraget åleine vil koste 1,5 milliardar kroner.

(©NPK)