Statsbudsjettet 2020

3,6 milliardar til 2.000 nye sjukeheimsplassar

Nyhende

Talet på heildøgnsplassar i sjukeheimar og omsorgsbustader skal aukast med 2.000. Regjeringa set av 3,6 milliardar til formålet.

Det viser forslaget til statsbudsjett for 2020.

Halvparten av pengane skal gå til å bygge nye plassar, medan resten skal gå til rehabilitering og utskifting av eksisterande plassar.

- Godt og verdig tilbod

– Menneske med omsorgsbehov skal vere trygge på at dei får eit godt og verdig tilbod når dei treng det. Gjennom våre budsjett har denne regjeringa derfor lagt til rette for at det kan byggast og moderniserast eit rekordstort tal heildøgns omsorgsplassar, sier eldre- og folkehelseminister Sylvi Listhaug i ei pressemelding.

I 2014 styrka regjeringa ordninga ved å auke statens andel frå 35 til 50 prosent ved bygging og modernisering av plassar.