Statsbudsjettet 2020

100 millionar til utbetring av fylkesvegar

Framlegg til ei ny tilskotsordning i Statsbudsjettet 2020 skal sikre tryggare fylkesvegar

  Foto: Anna Wuttudal

Nyhende

– Standarden på fylkesvegane skal bli betre. I statsbudsjettet for 2020 blir det prioritert 100 millionar kroner til ei ny tilskotsordning til fylkesvegar som er viktige for næringstransport, skriv Samferdsledepartementet i ei pressemelding.

Start- og endepunkt for næringstransport er ofte fylkesvegar. Difor er det viktig å sjå på heilskapen av transportkorridorane for næringstransport uavhengig av forvaltningsnivå, skriv regjeringa i budsjettforslaget sitt.

Samferdsledepartementet gav, i samband med Nasjonal Transportplan (2022-2033), dei underliggjande verksemdene sine i oppdrag å identifisere riks- og fylkesveg-strekningane som har størst betydning for næringslivstransport. Denne kartlegginga vil få betydning for kva fylkesvegar som blir prioriterte i tilskotsordninga.

Regjeringa vil komme tilbake til korleis tilskotsordninga skal administrerast.

(©NPK)