– Svært skuffande og overraskande

– Svært skuffande og overraskande at det ikkje er oppstartsløyving til Stad Skipstunnel.

SKUFFA: Alfred Bjørlo er skuffa over at ikkje skipstunnelen får oppstartsmidlar. 

Nyhende

– Dette er manglande handlekraft frå Regjeringa og regjeringspartia. Det seier Eid-ordførar Alfred Bjørlo (V). Han peikar på at prosjektet er 100 % «gryteklart», er spikra i NTP – og er det einaste store investeringsprosjektet innanfor sjøtransport i NTP.

– Det er eg mest nøgd med, er ei sterk samla satsing på breiband og rassikring, og eit skikkeleg løft for rimelegare SFO for familiar med dårleg økonomi. Eit viktig utjamnande tiltak for å sikre ein god barndom for alle.

– Elles er det løyvingar til å sikre full framdrift i utskifting av Skipenes bru, det er positivt, og også eit viktig trafikktryggingstiltak for gåande og syklande i Eid, kommenterer Eid-ordføraren.