Eid sitt damelag i 4. divisjon

Starta med målkalas

I helga var det serieopning i damenes 4. divisjon. Eid møtte Førde sitt andrelag, og det vart målkalas.

God kamp: I ngrid Anita Espe spelte ein god kamp for Eid. Ho noterte seg for fire mål i kampen. 

Storscorar: Julie Sæten sette inn seks av Eid sine 41 mål. Smana med Elena Balsnes Lyngstad som hadde sju mål, var ho Eid sin toppscorar i kampen mot Førde 2. 

Takkar Eid: Janne Karin Apalset, spelande oppmann for Førde 2 sitt damelag i 4. divisjon, takkar Eid for velviljen heimelaget viste spelarane frå Førde som stilte med fem utespelarar og keeper. 

Nyhende

Ein grunn til at det var stor forskjell på laga, hadde nok ein klar samanheng med at Førde kom til Eid Idrettshus i seriepremieren med seks spelarar. Fem utespelarar pluss keeper. Eid var sporty og spelte store delar av kampen med fem i staden for seks utespelarar, som dei har lov til å gjere. Etter halvspelt 1. omgang leia Eid oppgjeret 11–2. Til pause stod det 23–6 til heimelaget.

Gjorde som dei ville

Også i andre omgang vart det meir ller mindre einvegskøyring, sjølv om det gjestande laget frå Førde, viste at dei kanskje skal bli vanskelegare å hanskast med når dei stiller med fullt lag.

Sette pris på velviljen

– Vi på Førde 2 ønskjer å rette ei stor takk til Eid som prøvde å legge til rette for at det skulle bli ein fair kamp. Førde stilte med berre 6 spelarar til denne kampen, ingen trenar og ingen innbytarar på benken. Eid hadde 13 spelarar. Undervegs i kampen tok Eid ut ein spelar, slik at vi i periodar spelte 6 mot 6. Vi set veldig pris på velviljen som Eid viste oss. Og så må eg sjølvsagt gje stor honnør til jentene «mine» som heldt humøret og innsatsen oppe heile kampen. Vi ønskjer Eid lykke til vidare i sesongen, og håpar vi kan gje dei meir motstand når vi møtes til kamp i Førdehuset, seier Janne Karin Apalset, spelande oppmann for Førde 2 sitt damelag i 4. divisjon.

Ikkje samarbeid

– Førde har lag i 1. divisjon, korleis er det då mogeleg at klubben ikkje greier å stille fullt lag i serieopninga?

– I tillegg til at det er skuleferie komande veke, er det spelarar som ikkje er tilgjengelege. Det er ikkje samarbeid mellom spelargruppene i 1. divisjon og 4. divisjon i Førde Handball. Førde sitt 1. divisjonslag har samarbeid med Dale sitt lag i 3. divisjon. På 4. divisjonslaget er det stort sett skuleelevar og studentar, som kjem utanfrå som spelar. I fjor hadde Førde eit jente 16-lag. Men ingen av desse spelarane valde å halde fram med handball. Når det er sagt så reknar vi med at vi skal greie å stille med fullt lag når skuleferien er over, sa Janne Karin Apalset etter at kampen var over og det stod 41–13 på resultattavla i Eid Idrettshus.

Markerte seg

Det var fleire spelarar på Eid som markerte seg positivt i kampen Ein spelar som markerte seg spesielt var Elena Balsnes Lyngstad. I tillegg til at ho var solid i alle delar av spelet, scora ho sju mål og vart med det toppscorar i årets første kamp.

Neste kampar for Eid er borte mot Florø 2 og Florø 3 den 26. oktober. Neste heimekamp er mot Jotun 1. desember.

Kampfakta

Eid – Førde 2 41-13 (23-6)

Dommarar: Ståle Sandal og Rolf Eling Lefdal

Eid: Silje Sørensen Høydal, Martine Dypveit (3), 3 Ingrid Anita Espe (4), Hanna Holmøyvik Starheim (3), Danielle Starheimsæter (3), Izabella Czarnecka (3), Ingeborg Nord Holmgren (3), Lina Hjelmeland, (3), Elena Balsnes Lyngstad (7 ), Miriam Åsebø Berg (3), Sunniva Flaten Brekke, Julie Sæten (6) og Cecilie Åsebø Berg (3). 

Scora mål i parentes

Førde 2: Janne Karin Apalset, Olina Hannisdal Guddal, Donja Allcotby (5), Lene Frøystad, Andrine Leknes (1) og Aurora Selvik (7).


Resultat 4. divisjon kvinner 02

Eid – Førde 2  41-13

Årdalstangen – Jotun 23-19


LagKamparVUTMålPoeng
Eid 41 – 132  
Jotun 23 - 19 2  
Florø 300 - 00 0  
Gloppen 00 – 000  
Stryn  000 - 00 0  
Syril 00 - 00 0  
Vik 00 - 00 0  
Florø 2 19 - 23 0  
Førde 2 13 - 41 0