Endringar går til Stortinget

Rapporten om domstolsstruktur som no ligg føre er første del av to.
Nyhende

 

 

Jordskifterettsleiaren i Nordfjord trur det blir

–Skrivebordsrapport

 

Eid-ordførar Alfred Bjørlo (V):

– Prosessen må stoppast




 

Domstolkommisjonen vart oppnemnt av regjeringa i august 2017 for å greie ut om domstolane si organisering og uavhengigheit. Dei vart bedne om å levere ei delutgreiing med skisse til ein konkret domstolsstruktur. I tillegg til Høgsterett er det i dag 6 lagmannsrettar, 60 tingrettar og 34 jordskifterettar i Norge som har til saman 95 rettsstadar spreidd i landet.

Først struktur

Rapporten om domstolsstruktur for tingrettene, jordskifterettene og lagmannsrettene, som vart lagt fram denne veka, er første del av to. Andre delrapport skal mellom anna sjå på uavhengigheita, digitaliseringa og oppgåvene til domstolane. Den andre rapporten vil bli levert i august neste år.

Skal lese rapporten grundig

Linda Hafstad er kommunikasjonsrådgjevar i Justis- og beredskapsdepartementet. Ho opplyser til Fjordabladet at det som no skjer med domstolskommisjonen si utgreiing og tilråding om framtidig domstolsstruktur er at departementet skal lese rapporten grundig før dei tek stilling til vidare oppfølging.

– Dersom regjeringa ønskjer å gjere endringar i domstolsstrukturen, så skal det leggast fram for Stortinget, seier ho.