Jordskifterettsleiaren i Nordfjord trur det blir

–Skrivebordsrapport

– Eg trur ikkje at dette vil bli resultatet av prosessen. Eg har tru på at dette blir ein rein skrivebordsrapport. Det er ikkje fundament i dag for å setje i verk ei ny sentraliseringsreform. Det seier jordskifterettsleiaren i Nordfjord, Eivind Helleland.

GODT MOT: -Eg trur vi skal vere ved nokolunde godt mot. Eg trur ikkje at dette blir fasiten. Det seier jordskifterettsleiaren i Nordfjord, Eivind Helleland. (Arkivfoto) 

Nyhende

Han forventar at del ein av rapporten, som no er lagt fram, blir lagt til sides til den andre delen er klar om eit års tid, slik at ein kan sjå dei to i samanheng. Då er det berre eitt år igjen til Stortingsvalet.