Opningstidene under cruisesesongen 2020

– Vi må vere til stades når kundane er her og ikkje når dei har reist heim

Arve Espe meiner ein må vere til stades når cruiseturistane er på besøk i bygda. – Skal ein få liv i gata så må ein vere på tilbodssida og strekke opningstidene, seier han.

Vil ha endring: Arve Espe i Kulturhuset Gamlebanken, som også er turistinformasjon om sommaren, håper på ei endring når det gjeld opningstider under cruisesesongen 2020.   Foto: Olin Maria Yri

Nyhende

Cruisesesongen 2019 er akkurat avslutta og siste cruiseskip har reist frå Seawalken og bygda. Til våren startar den nye sesongen. Då er det venta rundt 40 anløp til Nordfjordeid, og då kjem det både nye cruiseskip og nokre som også var på besøk i sesongen 2019. Når cruisesesongen 2020 startar meiner Arve Espe i Kulturhuset Gamlebanken, som er turistinformasjon om sommaren, på Nordfjordeid at butikkane og kafeane må vere opne når turistane er i bygda.