Eid-ordførar Alfred Bjørlo (V):

– Prosessen må stoppast

– Prosessen må stoppast. Dette er eit forslag som ikkje har nasjonal backing. Det seier Eid-ordførar Alfred Bjørlo (V). Han kjem til å raskt ta initiativ om å etterlyse framdrift når det gjeld Statens Hus og understreke kva departementet sjølv har sagt når det gjeld å sjå statlege etatar i samanheng.

OPTIMIST: Eid-ordførar Alfred Bjørlo (V) er optimist med tanke på å få stoppa forslaget om å legge ned Nordfjord jordskifterett. 

–Dei fekk det som dei hadde bestemt

Nyhende

Eid-ordføraren er ikkje overraska over tilrådinga frå domstolskommisjonen. Utifrå det mandatet dei fekk frå regjeringa i 2017, som ikkje seier noko om å ta vare på ein desentralisert struktur, og samansetninga, at det stort sett sit juristar frå dei store byane, er det ikkje uventa at ein får ein rapport som foreslår omfattande sentralisering.