Fjordane Folkehøgskule og Eid kommune

– Dette samarbeidet er ganske unikt for fylket

I fleire år har elevar ved Fjordane Folkehøgskule gått med bøsser på Nordfjordeid i oktober. Søndag 20. oktober skal 90 nye elevar i aksjon.

Klare: Elevane ved Fjordane Folkehøgskule på Nordfjordeid er klare til å samle inn pengar i forbinding med årets TV-aksjon søndag 20. oktober.   Foto: Olin Maria Yri

Eg trur dette samarbeidet er ganske unikt for fylket.

Janne Endal Andersson
Nyhende

Dei siste åra har det vore tradisjon at elevar ved Fjordane Folkehøgskule på Nordfjordeid går med bøsser i forbinding med TV-aksjonen. I år går pengane som vert samla inn frå TV-aksjonen NRK 2019 til CARE sitt arbeid for å skape eit betre liv for kvinner i nokre av dei mest sårbare områda i verda. På Nordfjordeid er det rundt 90 elevar frå Fjordane Folkehøgskule som har ansvaret for å samle inn pengar frå sentrum på Nordfjordeid. Måndag denne veka var dei samla til eit informasjonsmøte der dei fekk informasjon frå Oddrun Midtbø, fylkesleiaren for TV-aksjonen, og i tillegg tildelt t-skjorter.

Samarbeid

Ifølgje Janne Endal Andersson frå Eid kommune har dette vore eit samarbeid mellom Fjordane Folkehøgskule og Eid kommune så lenge ho kan hugse.

– Elevane ved Folkehøgskulen går kvart einaste år, og det har vore eit fantastisk samarbeid så lenge vi har halde på med TV-aksjonen. Eg trur dette samarbeidet er ganske unikt for fylket, fortel ho og legg til at elevane ved folkehøgskulen gjere ein god innsats kvart einaste år.

Rundt 85 bøsser

Ifølgje Endal Andersson har Eid i år fått rundt 85 bøsser. Desse skal fordelast på rundt 90 elevar frå Fjordane Folkehøgskule og eventuelt andre som også ønskjer å gå rundt denne søndagen.

– Kvart år bruker vi alle bøssene, seier Endal Andersson.

Mange gler seg

I desse dagar er arbeidet med å dele inn rutene i full gong. Heile sentrum skal dekkast og ifølgje Endal Andersson er det mogleg for andre enn elevane på folkehøgskulen å dekke ulike område om ein melde seg tidleg nok.

– Det er mange som gler seg til å putte pengar på bøssene. Trass i at mange bruker Vipps, er det ein god del som sit klar med pengane og ventar på at det skal ringe på, fortel ho.