Skiftar ham til VY

Nyhende

Den observante eidar har oppdaga at det på rutebilstasjonen på Nordfjordeid no står VY. Dette har samanheng med at Nettbuss AS 24. april i år vart til VY AS. Informasjonsansvarleg Svein Arne Vik opplyser at det no i desse dagar vert rulla ut mange skilt på bygg og at det også er lagt eit løp der alle dei blålilla bussane skal bli grå. Alle Nettbuss-ekspressane er blitt til VY-ekspress og skal ha endra farge og logo. På seinhausten vil også alle tilsette få ny uniform.

Det er både gamle NSB og gamle Nettbuss som no er i ferd med å skifte ham til VY. Det vert jobba med å slå saman salskanalane, og ein vil få felles nettstad og ein felles app.