Publikum i ekstase for familieoperaen

– Dette var ei stor oppleving, også måten dei trekk med seg barna på scena, seier Arnljot Haavik, som storkoste seg på opera.
Nyhende

Det var ein nesten fullsett operasal under premieren av familieoperaen Hans og Grete onsdag kveld. Og publikum likte det dei såg og høyrde frå scena. Alle vi snakka med framheva alle barna som er delaktige i operaen. Her får du ein ekte eventyropera med både magi, skrekk og gru, humor, mykje glede og vakker musikk.