670.000 har lasta ned (l)appen

Statens vegvesen opplever rekordstor interesse for sitt digitale førarkort til mobiltelefonar. I løpet av det første døgnet har heile 670.000 brukarar lasta ned den nye appen for lappen. 

Mange vil gjerne ha førarkortet sitt på mobilen, i staden for plastkorta som er i bruk i dag.  

Nyhende

  - Rett og slett ellevilt. Vi visste at dette kom til å bli populært, men interessa og trafikken overgår det meste. Vi er glade for at folk set pris på tenesta, sier direktør Bodil Rønning Dreyer i Statens vegvesen.


Dette er ei tjeneste for alle. Den eldste brukaren av tenesta er 95 år. Det er totalt 10 personar over 90 år som har lastet ned appen.



Vellykka lansering

Bortsett fra litt småkluss med BankID på mobil, som er ei teneste utenfor Vegvesenet, har lanseringen gått bortimot prikkfritt.


2,2 millioner førerkort-innehavare kan bruke det nye digitale førarkortet. Nokon får ikkje tatt i bruk appen fordi at det ikkje ligg eit digitalt bilde i Vegvesenets system.


Digitalt førarkort kan berre nyttast på ein telefon om gangen. For iPhone må du ha iOS-versjon 9.0 eller nyere, mens Android-brukare må ha versjon 6.0 eller nyere.



Først i Europa

Fleire land utviklar digitale førarkort, men Norge er truleg det første land i Europa som rullar ut løysninga i full skala, skriv Statens Vegvesen.


- Vi ønskjer å gjere det enklare for folk å bruke Vegvesenet sine tenester. Vi har sjølvbrukartenester og digitale tenester innan mange område. No også på førerkort, sier Bodil Rønning Dreyer.


Rekordrask utvikling

Arbeidet med å utvikle løysninga starta for ti månader sidan. Forklaringa på den raske utviklinga, er at Norge har eit moderne og funksjonelt førerkortregister (Autosys) å byggje tenester på.


Det digitale førerkortet er gyldig dokumentasjon på dine førarrettar. Du treng ikkje å ha med plastkortet i tillegg.


Men brukerne bør være obs på at digitalt førarkort er inntil vidare berre gyldig i Norge, og som legitimasjon dersom du blir stoppa i trafikkontroll. Skal du leige bil – i Norge eller utlandet – vil du framleis i en periode måtte vise fram plastkortet.