Siste møtet i oppvekst- og kulturutvalet

Ja til bygdebok og museum

Det lakkar og lir mot slutten for Eid kommune. Førre veke hadde utvalet for oppvekst og kultur sitt siste møte. Der dei gjekk inn for både bygdebok og museum på Eid.

Nye tider bankar på døra for politikarane i ei kommune som snart er historie. Torsdag hadde oppvekst- og kulturutvalet sitt siste møte, der nokre av dei blir med vidare til den nye storkommunen Stad. 

Nyhende

Nye Stad kommune er snart rett rundt hjørnet. Så nær at eit utval i «gamle» Eid kommune hadde sitt siste møte torsdag i førre veke. Dei avslutta den politiske innsatsen med å ville løyve 400.000 kroner til bygdebok for Eid, og sa ja til vidare arbeid fram mot revitalisering av hærmuseet på Nordfjordeid.