30 år eller yngre

14 av 26 vart flytta ned

Totalt 26 fødd i 1989 eller seinare stod på vallistene i Stad kommune, men berre to kom inn som faste medlem. Fjordabladet har tatt ein kik på kva som skjedde med dei unge.

Oppmodar om å stemme ungt: 14 av 26 unge fødd i 1989 eller seinare vart flytta nedover listene i kommunevalet. Anna Teresa Villar Sundal i Venstre meiner at fokuset no bør vere på å få fleire unge inn i politikken, og oppmodar om å stemme ungt i neste val.   Foto: Olin Maria Yri (arkiv)

Nyhende

På listene i dei ulike politiske partia i Stad kommune står totalt 26 personar som er 30 år eller yngre. Av desse 26 er det to som har kome inn som faste medlem i Stad kommunestyre. Dette er Stein Inge Torheim (1997) i Senterpartiet og Ingebjørg Flyum Bjørlo (2000) i Venstre. I tillegg til dette er ti representantar som er 30 år eller yngre, valt som vara i den nye kommunen. Det vil seie at 12 av 26 under 30 år er anten faste medlem eller vara.