Røyrgatene i Kviafossen vil bli borte før jul

Unik historisk bygdevandring ved Kviafossen

Søndag var nær tretti personar til stades på bygdevandring ved Kviafossen. Den gamle kraftstasjonen i Eid som var i drift i 52 år, frå 1915 til 1967.

HISTORISK INTERESSE: Søndag var det fleire som nytta høvet til å få omvising i Kviafossen. Kraftstasjonen som bringa Eid kommune inn i ei ny tid, med elektrisk straum til industri, kommunale bygg og private hus. No vil SFE rive røyrgatene, og vurderer kva dei skal gjere med resten. 

Nyhende

Det var i samband med Stad 2020 og «Bli kjend fondet» at bygdevandringa i Kviafossen fann stad førre søndag. Opp under tretti personar var møtt fram for å få med seg denne historiske vandringa. Som starta oppe ved vassdemninga og enda opp nede ved kraftstasjonen. Norvald Vedvik var på plass som lokal guide. Han fortalde om historia til kraftanlegget, og ausa av lokal kunnskap, då han sjølv var mykje ved fossen under oppveksten.