Totland Libris blir Norli

Skiftar profil til Norli

Totland Libris skiftar profil til Norli, men det vert framleis lokale eigarar.

Ny profil: Libris blir Norli, men har framleis lokale eigarar. Dagleg leiar Erling Bjørn Totland konstaterer at utan kjedetilknyting har ein ikkje ein sjanse i dagens marknad.   Foto: Ingebjørg Nilsen Stokkenes

Nye skilt: Nye skilt er på plass, og omprofileringa er allereie i gang.  Foto: Ingebjørg Nilsen Stokkenes

Nyhende

– Vi har allereie lenge vore ein del av Norli, men ar køyrt som Libris. For å reindyrke kjeda skal no femti Librisbutikkar rundt om i landet over til Norli, fortel dagleg leiar Erling Bjørn Totland.

Lokal kjøpmann

Han påpeikar at familieverksemda i Eidsgata framleis kjem til å ha lokal kjøpmann som tidlegare, men under ny profil.

– Vi er drive av familien Totland, av lokal Eidabedrift og lokalt styre. Sjølve profilendringa skjedde no i starten av september, seier Totland, og ser opp på nytt skilt framfor inngangsdøra.

Profilendringa til Norli skal markerast utover heile hausten.

– No vert vi også mykje meir synleg på nett og i marknaden, og vi ser berre positivt i denne endringa. Vi blir gos meir reindyrka, seier han.

Totland Kontorspar blir som før.

– Utan kjedetilknyting har ein ikkje ein sjanse i dagens marknad, meiner Totland. Bokhandelbedrifta har rik tradisjon på Nordfjordeid, og kan neste år feire heile 115 år.