Nytt i Gamlebanken

Lokale produkt er etterspurt

Cruiseturistane som kjem til Nordfjordeid er ofte ute etter lokale produkt. I Kulturhuset Gamlebanken er det både lokal kunst, lokale produkt og lokale turråd.

NY UTSTILLING: Arve Espe med den nye utstillinga i bakgrunnen.   Foto: Olin Maria Yri

Cruiseturistane er opptekne av at ting er laga lokalt og har kvalitet.

LOKAL FLASKE: Den nye 514-flaska henviser til kor djupt Hornindalsvatnet er, Europas djupaste innsjø. 

STAS: Haroon Hotak frå Afghanistan tykkjer det er veldig stas å gå innom Gamlebanken for å sjå på kunsten, spesielt teikningar av natur og fjell.  Foto: Olin Maria Yri

Nyhende

Nordfjordeid har denne våren og sommaren tatt i mot cruiseturistar som har kome med cruiseskip til bygda. Ein av dei som har sett mest til turistane er Kulturhuset Gamlebanken på Nordfjordeid, som også har turistinformasjon om sommaren.

Ny verd

–Desse cruisedagane har blitt ei heilt ny verd for Gamlebanken, seier Arve Espe som har stått klar med både turtips og informasjon om lokalområdet.

– Då det første skipet var her så kom det to jenter innom som ikkje ønskte å vere ein del av ei turgruppe. Eg tipsa dei om Trollenykjen, men antyda at det var ein tung tur. Då dei kom ned igjen fekk eg ein god klem for at eg gav dei den turen.

– Det er svært takksame turistar, som tykkjer det er eit flott landskap og ei fin gate, fortel han.

Lokalt

I tillegg til fjellturar og landskapet, er turistane også opptatt av lokale produkt, ifølgje Espe.

– Cruiseturistane er opptekne av at ting er laga lokalt og har kvalitet. Og så er det noko med at dei gjerne skal vidare med fly, så det er grenser for storleiken på produkta, fortel han.

Flaske

Noko av det som er nytt og lokalt i Kulturhuset Gamlebanken er den nye termosflaska laga av Byrr Designhus, frå Nordfjord. I Eidsgata er det også laga til ei kran, der ein kan tappe vatn rett frå Hornindalsvatnet.

– Vi er vel ein av tre som er valt ut til å selje flaskene på Nordfjordeid. Det er ein positiv ting og det passar godt med at vi har ein del cruiseturistar. Det er litt av det cruiseturistane ser på når dei er innom, fortel Espe.

Utstilling

Det er ikkje berre termosflaska som er nytt i Kulturhuset Gamlebanken for tida. Det er også ei ny utstilling på plass, som skal vere der fram til etter Eidamessa. Utstillinga er av Jertrud Eikås og består for det meste av print, ifølgje Espe.