Kronår på fruktgarden hos Inger på Ytre Røed

Inger Starheim på Ytre Røed, lengst vest i fruktbygda Stårheim, kan i år glede seg over ekstra gode avlingar både på plommer, pærer og eple.

MYKJE FRUKT I ÅR: Ein kan ikkje unngå å leggje merke til den velstelte fruktgarden til Inger Starheim på Ytre Røed ved ferjekaia på Stårheim. I år er det ekstra gode avlingar.  

Vanvittig godt, særleg ved juletider

Nyhende

Alt synest å ha klaffa for fruktdyrkarane i bygda i år. Det var i vår rik blomstring til høveleg tid og i lagleg vêr slik at pollineringa kunne gå sin gang, og vidare utover sommaren har det vore ei passeleg blanding av sol og regn. Den fine sommaren og hausten i fjor la og eit godt grunnlag for fruktavlinga i år.